ShortMath klar for publisering
Ein ny spørsmålstype der studentane får ein matematikkeditor til å skriva matematiske formlar er omsider klar for publisering. Læraren må bruka LaTeX-kode for å uttrykka matematikk i spørsmålet, men bruken er ellers rett fram, basert på den vanlege Short Answer-spørsmålstypen.
Det tek normalt fleire månader med vurdering og godkjenning før ein ny plugin dukkar opp i Moodle sitt plugin-arkiv. Inntil vidare kan interesserte brukarar finna spørsmålstypen på github: https://github.com/KQMATH/moodle-qtype_shortmath
Me er òg klar for publisering av ein quiz-modul frå systerprosjektet Adaptivt Læringssystem. Modulen har fått namnet CAPQuiz.